|
Kvar vår vert det arrangert Gamalostfestival i Vik i Sogn. Mellom fjord og fjell er dei omlag 3000 innbyggjarane i Vik opptekne av å halde i hevd tradisjonsrik og levedyktig matkultur. Gamalost er eit sterkt prov på denne vestlandske optimismen og framtidstrua. Gamle tradisjonar kombinert med ny kunnskap er viktige deler i produksjonen av denne særmerkte osten.
”Potent” underhaldning, velsmakande matglede, idretts-arrangement, med både alvor og, men mest moro, er faste innslag.
Planlegginga av festivalen 2010 er i full gang. Tilstellinga finn stad i Vik 28. - 30. mai. Les meir under gamalostnytt.
|
|
|
|