Heim Lagssoga
Lagssoga

Vik Musikklag fyllte 70 år i 2003. I samband med jubileet vart det skrive eit jubileumsskrift.

Lagssoga til Vik Musikklag

Forord.

Dette skriftet skal freiste å gi eit historisk overblikk over Vik Musikklag sine fyrste 70 år.

Det meste av stoffet som dekkar tida fram til det førre jubileet for ti år sidan, er henta frå skrifta

«Vik Musikklag 50 år» og «Vik Musikklag 60 år», nedteikna av Johan Andersen, Jon O. Fjærestad, Sture Tenold, John Vange, Kari Myrkaskog, Torfinn Svendsen og Olav Vikøren. Innsatsen dei la ned, har letta denne redaksjonen sitt arbeid mykje.

 

Byrjinga

Historia om «musikken» går meir enn 70 år attende i tida. I November 1933 starta ein opp Vik Musikklag, men før det hadde det vore militærmusikk i Vik sidan 1893, altså ein 110 år gamal tradisjon.

Det var tidlegare militærmusikarar som tok initiativet til å stifte eit musikklag i bygda. Eldsjelene var: Anders Vikøren (Briten), Samuel Vikøren, Olav J. Fjærestad, Anders A. Sæbø, Ingebrigt Gullteig, Helge Følid og Guttorm Tistel. Desse fekk med seg nokre nybyrjarar: Ivar og Johan Andersen, Olav Thune, Ove og Ingvald Moheim, Ingolf Tistel og John Halrynjo. Ein av grunnane til at dei no starta musikklaget var at dei kunne nytta dei gamle militærmusikarane som spelarar og instruktører.

Ingebrigt Gullteig vart dirigenten, medan Olav Thune tok på seg formannsvervet. To musikkvener som var med å starta opp laget, men som ikkje spelte, var O. P. Fosse og Einar Holstad.

Det varte ikkje lenge før laget drog på den fyrste stemna si. I 1934 Tok dei del på musikkstemna i Høyanger, og sidan reiste dei på stemner mest kvar sumar framover.

På denne tida stod Vik Musikklag ansvarleg for ei rad arrangement i bygda. Ei av desse tilstellingane var Olsokmoro på Moane. Det finst mange historiar om det som gjekk føre seg desse kveldane. Ein gong vart ein båt dregen frå Øyri og opp på Plassen. Oppi båten sat ein felespelar, og musikklaget marsjerte framføre. På Plassen sagde dei båten over og tende på. Ei anna olsokafta vart det sendt telegram til sjølvaste Kongen. Innhaldet var som fylgjer «Mange hundre vikingar samlast på Moahaugen i kveld for å feira olsok. Sender Kongen våre hjartelegaste helsingar»

Andre verdskrigen.

Då krigen braut ut vart alt lagsarbeid forbode, men Vik Musikklag dreiv på i løynd så langt dei kunne. I juni 1943 laga dei jamvel til ei samling i Fridtjovparken på Vangsnes. Der kom Balestrand Musikklag på vitjing, og mange menneske møtte fram for å høyra og sjå.Då freden kom 8. mai 1945 var laget på plass og spelte om kvelden. Vik Musikklag var eit naturleg midtpunkt i fridomsfeiringa.

Ein starta drifta att for fullt då krigen slutta, med John A. Tryti som dirigent. Han var med fram til 1953. Frå denne tid kom laget meir eller mindre ut av drift, og aktiviteten var låg framover mot 70-talet. Men dei spelte alltid på 17. mai til glede for vikjene.

Ny frisk.

Hausten 1971 tok Olav J. Fjærestad initiativet til å friske opp lagsarbeidet att. John Kvamme vart dirigent, og Jon O. Fjærestad formann i det nye styret. Kommunen vart ei god hjelp for laget i denne tida, då det var tunge økonomiske lyft å ta. Instrument og uniformar trong fornying etter nær 40 års bruk.

I 1976 reiste Vik Musikklag på stemne att, og stemneplassen dette året var Årdalstangen. Allereie året etter budde laget seg på å skipe musikkstemne i Vik. Dette vart eit fint arrangement som hausta mange lovord, og det blir framleis omtala når gamle musikkvener i Sogn kjem saman.

Kommunen, ein viktig støttespelar.

I 1979 fekk laget kommunalt løna dirigent. Knut Djupdal vart tilsett som song- og musikkleiar i Vik kommune. Såleis fekk Vik Musikklag ein profesjonell musikar som dirigent for fyrste gong sidan Ingebrigt Gullteig og dei andre militærmusikarane. Ordninga med kommunal song- og musikkleiar er eit stort pluss for heile musikklivet i Vik. Det musikalske ansvaret for eit musikklag eller eit kor er ei såvidt stor og omfattande oppgave at ho vanskeleg kan løysast av kun friviljuge krefter. Musikarane som spelar og syng i laga blir betre og betre, og set såleis større krav til den musikalske leiaren.

Humørlaget

Dei siste 10-20 åri har det jamleg vore arrangert seminar med gjestedirigent og -instruktører. Me har freista å knyte til oss personar med god kunnskap om musikk og speleteknikk. Denne satsinga har ført til samlingar med m.a. Brazz Brothers og instruktørar frå Eikanger/Bjørsvik og Manger musikklag. Brazz Brothers er kjende frå tallause innslag i fjernsyn og radio, medan Eikanger/Bjørsvik og Manger musikklag har stadfesta Noreg sin plass i musikkverda med framifrå innsats i europameisterskapane for brassband. Målet med desse seminara er todelt. Naturlegvis ynskjer ein å betre speleteknikk og samspel, men like viktig er det å knyte medlemane saman i eit tett og godt venskap. Dette har Vik Musikklag lukkast godt med, for samtlege av gjestene har merka seg den gode tonen og humøret som finst i laget. Venskap og samhald er det viktigste grunnlaget for godt samspel.

Vik Musikklag viser seg fram.

Dei siste åri har det vore vanskeleg for Vik Musikklag å dra på kretsstemnene i Sogn. Det kjem av at den kommunalt tilsette dirigenten også har hatt ansvaret for eitt eller fleire av songlaga i kommunen. Når så song- og musikkstemna blir lagd til same helga, må det gå ut over antan kor eller musikklag. Då er det musikklaget som har teke støyten dei fleste gangane.

Difor har Vik Musikklag lagt opp til ein del turar utanom kretsstemnene, mest for å unngå kollisjon med dirigenten sine andre gjeremål, men også for å prøve noko nytt. Den fyrste langturen gjekk til Romsdalsstemnet på Åndalsnes i 1981. Sidan vart det nokre år med lokalstemner.

I 1985 drog musikklaget utanlands. Målet for turen var Bornholm, ei lita dansk øy i Austersjøen. Den neste utanlandsturen gjekk til Newcastle i 19xx. Begge desse utfluktene var svært vellukka, og står som to av høgdepunkta på musikklaget si turliste.

Tradisjonar.

I dei fleste lag og organisasjonar veks det fram skikk og bruk som etter kvart festar seg som tradisjonar. Slik er det og i Vik Musikklag, og dei kjæraste skikkane heng saman med dei årlege høgtidene jul og 17. mai. Julaftan brukar musikklaget å spele ved familiegudstenesta i kyrkja. Men før orglet stemmer i preludiet har musikantane vitja bebuarane ved Vik Bygde- og Sjukeheim. På sjukeheimen spelar laget dei kjende julesongane, og øver litt på innslaget som skal framførast i kyrkja. Deretter går alle medlemane inn i stova og kosar seg med ein kaffikopp og kaker saman med dei eldre. Tid til litt drøs om «gamledagar» blir det òg, og kanskje nokre songar rundt juletreet. Bebuarane ved Vik Bygde- og Sjukeheim gir alltid uttrykk for kor glade dei er for besøk julaftan, og ber oss om å komma att neste år.

17. mai er ein travel dag for musikarane i Vik Musikklag. Seinare enn halv sju om morgonen er det ikkje råd å stå opp, for like etter salutten kl. sju startar det fyrste toget. Då går ruta ned Røysane til bautaen på Rulsen, og derifrå rundt Øyri før me får oss ein matbit. Ein skulle ikkje tru det møtte så mykje folk til dette toget, men alltid får musikklaget fylgje av ein flokk avgangs-elevar som har vaka heile natti. Så må me heller ikkje gløyme Jon Vikøren med familie. Årvisst er dei på plass med flagg og hurrarop. Ingen syttande mai er fullkomen utan han «Jomann».

Seinare på dagen dreg musikklaget til Framfjorden eller Vangsnes. Då vegen til Framfjorden opna, vart det ordna med skyss for musikklaget. Slik vart det hornmusikk til folketoget der ute òg. No byter musikklaget og skulemusikken på å dra til Framfjorden. Oppdraget på Vangsnes blir teke hand om av skulekorpsa i Feios og Fresvik.

Allsidig aktivitet.

Nye tider fører med seg nye skikkar. Slik er det også for Vik Musikklag. I Vik er det dei siste åra gjort ein del store tilstellingar. Der har musikklaget teke aktivt del. I 1989 holdt Vik kommune det fyrste utvandrarjubileet, og musikken spelte ved fleire høve. Seinare vart Vik Skifestival det store årlege arrangementet. No er Gamalostfestivalen det store felles kulturløftet i Vik.

Med utvidinga av kommunegrensene i 1992 fekk Vik brått tilført to nye musikkorps; Feios- og Fresvik Skulekorps. Dette opna for nye løysingar ein ville prøve å nytte. Resultatet vart Kommunekorpset. Kommunekorpset er samansett av musikantar frå alle korpsa i kommunen; Feios-, Fresvik- og Vik Skulekorps, og Vik Musikklag. Kommunekorpset har teke del ved fleire høve, og lyden er av det store slaget. «Feitare» korpsklang må ein leite lenge etter.

Vik Musikklag, ei lita verksemd.

Vik Musikklag er eit lag ope for alle musikkinteresserte i Vik. Ein treng ikkje eige instrument, for musikklaget har sine horn som blir lånt ut til medlemane. Men dette fører i sin tur til større trong for pengar. Messinginstrumenta blir berre dyrare og dyrare for kvart år som går.

I februar '34, eit halvt år etter oppstart, kjøpte Vik Musikklag instrument for kr. 287,45 frå Musikkmagasinet i Bergen. I dag er det sjeldsynt at eit godt instrument fell rimelegare enn 10'000 kroner. Dei største instrumenta, bassane, ligg godt over 50'000 kr-streken. Slike investeringar er uråd å gjennomføre utan hjelp frå bygdefolket.

Lenge var marknad og julelotteri dei to viktigaste inntektskjeldene for laget. Loddseljarane vart alltid vel mottekne i bygda, og publikum slutta godt opp om tiltaka. Men med nye tider fylgjer nye skikkar. I 1997 vart Rune Wold leiar i laget og han meinte at Vik Musikklag måtte starta samarbeid med næringslivet slik dei gjorde i Sogndal Musikklag, og i 1998 starta også Vik Musikklag sitt sponsorprogram. Ein del av medlemane var naturleg nok skeptisk til korleis det ville gå, men tiltaket kan ikkje omtalast anna enn som ein suksess. Næringslivet i Vik skal ha all ros for velvillig holdning til musikklaget, og også mange familiar gir oss verdifull støtte. Me lyt særleg nemne Vik Verk, og den støtte laget har fått frå deira jubileumsfond. Vidare har Vik Sparebank vore ein viktig støttespelar. Alt i 1934 gav banken musikklaget ei gåve på kr. 500,-; ein stor sum i dei dagar. Dei siste åra har laget mottatt gåver frå banken på opp i kr. 10000,-.

Dei siste tre åra har Lerum Syltetøy sponsa laget med kr.20000,- kvart år. Andre sponsorar har vore Sognekraft, Røyrvik Bygg&Betong og Linn Bad.

Vik Musikklag freistar å vise si takksemd ved å opptre i samband med markeringer av ulike slag. Medlemane legg ned mykje tid og energi i hobbyen sin, men får betalt når tilhøyrarane let vel og gir skryt.

Framover.

Vik kommune prioriterer kulturarbeidet høgt, og det har gjeve utslag i høg kvalitet på det friviljuge musikklivet i bygda. Musikklaget takkar for tilliten, og lovar å arbeide hardt for å halde posisjonen.

Etter 50-års jubileet hadde Vik Musikklag ei tung tid. Det var berre ein liten kjerne på 10-15 entusiastar som møtte til øving. For å bøte på dette starta musikklaget og dirigent Odd Roger Haugen aspirantopplæring for vaksne. Dette vart ein suksess utan sidestykke, og har gjorde sitt til at laget møtte jubileumsfeiringa mannsterke. Sidan førre jubileum er det også blitt gjort justeringar på instrumentbesetninga. Med tilvekst av saksofonar, klarinettar og fløyte har musikklaget no nærma seg ei janitsjarbesetning. Det gjer at me kan spela musikkstykke som det var uråd å føra fram med den gamle besetninga.

Som tidlegare nemnt er Vik Musikklag ope for alle musikkinteresserte i Vik kommune. Har du lyst å vere med i laget, men tykkjer at du ikkje kan spela eller ikkje skjønar notar, er det inga hindring. Alle har ein gong vore nybyrjarar, og aspirantopplæringa er tilpassa dei utan forkunnskapar. Alle er velkomne.

Me vonar at dette skriftet kan gjere bygdefolket betre kjende med musikklaget, og ser fram til nye 70 år med musikk og glede i Vik.